fredag 26. juni 2009

Me likar Vietnam!

Har (endeleg??) kome oss ut av Kina. Kom til Vietnam i gaar, ein dag seinare enn me tenkte. (Fordi me flaug fraa Chengdu til Kunming, berre for aa faa veta at der gjekk det ikkje noke tog til Hanoi i fraa, saa me hoppa paa foerste og beste tog til Nanning kor me blei ca eit doegn foer me var paa veg til Nam. Dette doegnet var ikkje spesielt "produktivt" daa Marit var sjuk endaa ein gong om natta (e da muhleh??) og slappfisk dagen etter + at me visste ingenting om byen. Blei berre nettaviser, litt mat og litt spasering.)

Men altsaa, poenget er at no er me i Hanoi, og det er ein straalande plass aa vera. Her er det mykje blide, hjelpsomme og imoetekommande folk. Nesten alle unge, og ellers alle som driv business, snakkar engelsk og det er lett aa komma i kontakt med dei. Det er mengder med galleri, bokandlarar og andre kjekke butikkar her, og me har allereie svidd av nokre millionar vietnamesiske dong. Det er og enkel tilgang paa etterlengta vestleg mat (til magar litt paa halv aatte), men me skal slaa oss paa den vietnamesiske cuisine (cha ca) i kveld tenkte me.

Etter ei natt paa gjestehus, der me matte ga gjennom kjoekkenet (som og var soverom og stove) til eigarane for aa komma til rommet, har me flytta til eit flunkande nytt hostel, som ligg i old quarter. Det er drive av nokre aussiar, og opna i gaar faktisk, saa i kveld er det opningsfest, maa vel bli bra=D

No skal me paa Vietnam Museeum of Ethnology, men ellers er planen framover aa bruka litt mindre tid paa turistattraksjonar (utenom dei heilt aapenbare "maa-sjaa") og meir tid paa aa berre vera her. Stemningen er hektisk og laid back paa same tid, dersom det gaar an aa paastaa noko slikt? Me likar det, og trives!

Paa torsdag reiser me til Halong Bay. Me gledar oss til aa sjaa sjoeen att! Og til aa bada og padla kajakk!

Paa veg attende fraa Vietnam Museeum of Ethnology paa xe om. Veldig praktisk maate aa komma seg rundt paa!











Her har me leigd oss scooter fraa hostelet og er paa tur paa landsbygda. Veldig koseleg! Nesten alle peika og smilte og vinka og helsa paa oss. Boert fekk som vanleg masse merksemd fordi han er baade kvit og veldig lang, hehe...


Boert er oppe i vegen att etter aa ha klappa vassboeffel (som braatt byrja aa bli litt for naergaaande).

2 kommentarer:

  1. Fint at de er på blogg att !

    SvarSlett
  2. Heisann Marit og Børt!
    Veldig kjekt å fylgje med deke. Flotte bilder:) Ser ut som de har det veldig bra på tur! Tommy fekk seg ein god latter når Børt står og gnir seg i nevane og lurer på om han tør, og på neste bilde er han nede og klapper bøffelen/kalven. Veldig modig, Børt!! Her i Dusn har me det berre bra. Har vore ein periode med kjempeflott vær, der vi har vore masse i Grunnevika (t.o.m. Kamilla har bada i sjøen!!) Vilde snakkar stadig om Børt og Marit som er på tur. Vi gleder oss til deke kjem heim igjen! Ønsker deke ein flott tur vidare! Klem frå Emil, Vilde, Malin, Kamilla og Tommy.

    SvarSlett