onsdag 20. mai 2009

Privjet! Russland og togluffing.

Daa proever me igjen!

Moskva: Me hadde to solfylte dagar paa eigenhand i denne enorme byen. Kort oppsummert: Den raude plass, Kreml, Arbat (gaagate), metro, og mat. Restauranten MuMu, eit slags kantine-opplegg der du plukkar ut det du vil ha og betalar i kassen, blei ein hit. Svaert spesielt i Kreml, enorme mengdar kunst, gamle vaapen og smykker ++ alt sirleg utfoert med gull og silke og edelsteinar. Fascinerande!

Mandag traff me Moskva-honchoen vaar, Masha, og reisegruppa: 6 britiske gutar i alderen 19-24 aar. Me er old farts, hehe.. Karane (Matthew, Gary, Steven, James, Ifan og Dafvidd) er (heldigvis) veldig morsomme og greie, og me har da utrulig kjekt ilag. Masha, veldig hyggeleg jente forresten, var ikkje saa fan av aa ta (tidvis overfyllt) metro saa me har praktisk talt traska oss gjennom heile byen. Alle endte opp med blemmer under beina etter to dagar med milevis gaaing og vaate sko (regna Bergen-style store delar av tida), men til gjengjeld har me sett heilt utruleg masse! Eg nevner i fleng: Raude plass (igjen), daud Lenin (veldig spesielt!), St. Basils (??) Basilika (inkludert utruleg flinke syngande menn), zoo, Arbat (igjen) + ny, moderne Arbat, kunstmuseeum og generelt opplevd byen. Me har ete mykje god russisk mat paa rare, fine og spesielle restaurantar (alle med veldig saer musikk paa hoegtalarane), vore paa nattklubb + gaatt langt og lenger enn langt i moerke bakgater for aa finna 3 andre som var stengte, drukke mykje oel og kosa oss glugg ihjel! Maa forresten nevna ei merkeleg greie paa russiske eteplassar: Omtrent ingen faar maten samtidig, det kan virke som om dei byrjar aa lage alt med ein gong og saa blir det servert etterkvart som det er ferdig. Blei derfor ofte beer o'clock til lunsj for aa korte ned ventinga mens dei andre aat=P Nok om det!

Troette i beina og fulle i inntrykk tok me farvel med Masha og entra toget onsdag kveld. Det var beer o'clock og god stemning. Me budde i 4-sengs kupear med heilt grei standard, dog litt harde senger. Forholdsvis god plass til bagasjen, men vanskeleg aa komma til den. 2 toalett (stort sett utan papir og stengt paa alle stasjonar), ingen dusj, vamt (kokt) vatn og ei dama som vaska og etterkvart selde oel i kvar vogn. Restaurantvogna serverte mat berre tidvis saa dietten bestod stort sett av vatn, knekkebroed, ein og annan frukt eller tomat, oel og halvfabrikerte nudlar og potestappa. Den eine middagen me aat i restaurantvogna vart derfor ein hoeydare, sjoelv om maaltidet var ganske ordinaert minus. Bortsett fraa ei okt med sengehest-/sekketrim vart det lite bevegelse paa toget og med det svaert studentprega kosthaldet var togturen til Mongolia ganske langt fraa helsefremjande, men dei 3-4 foerste dagane var overraskande kjekke. Blei mykje lesing, skriving i minneboka, kortspel og snikk/snakk. Det meste foregjekk i dei to kupeane me disponerte eller i umiddelbar naerleik. I ein kupe attmed oss budde ei canadisk jente, Catherine, og britiske Gary nr 2. Me hang litt ut hjaa dei og. Ellers var det stort sett berre folk fraa Mongolia paa toget som hadde med seg mengder med varer som dei skulle ha med seg over grensa. Nokre selde og klede paa stasjonane og det var ganske vanleg aa treffa paa ein par bein eller ein overkropp i endene av vognene som dei brukte til utstilling fraa vindaugene.

Utanfor vindaugene saag me i starten mykje skog foer det etterkvart vart opnare, smaa landbyar med skakke hus og fargerike vindauge og store byar rundt stasjonane me stoppa paa. Daa me naerma oss og kom over grensa vart det toerrare, meir brunt enn groent, mange aasar, nokre faa store innsjoear i paa russisk side, mens det paa mongolsk side berre var toerre elvefar.

Paa stoppa (mellom 10 og 25 min) gjekk me ut og strekte paa beina, handla i kioskane som stod paa perrongen eller hjaa damene som hadde med seg heimebakt, -steikt og -dyrka. Russarane flaug rundt og kjopte kle fraa ivrige mongolske "business"damer og -menn.

(Heia Noreg i Eurovision btw!!)

Det siste doegnet paa toget, inkludert ei slags 17.mai-feiring og 3 timar lang grensepassering, blei drygt, trass i at doegnet heile tida vart kortare pga tidsforskjellen. Men me kom oss trygt, og med alle eigendelar (bortsett fraa Gary nr.2 som mangla ein kamerabag og eit fullt minnekort) og kroppsdelar i behald, til Ulaanbaatar tidleg mandag morgon. Mongolia-honchoen vaar Bata moette oss paa stasjonen og viste veg til vaar eigen minibuss. Via bank vart me kjoert til hostelet som har overraskande god standard og stooore rom (hurra!). Me fekk oss ein etterlengta dusj (eg har ikkje ord for kor naudsynt det var, spesielt for haaret, som var paa eit stadie der toerrshampo vart ein einaste stor vits!) foer der bar ut i byen. Men Mongoliareferatet maa eg ta naar me kjem til Beijing. Det er kvelden og me skal reisa kl. 7 i morgon tidleg, og forrige natt vart kort. Haapar alt staar bra til paa Voss og paa Osteroy og ellers der de maatte opphalda deko!

Spasiba!

tirsdag 19. mai 2009

Kort oppdatering fraa Mongolia

Hei! Me er i live! Har nettopp skreve ein laaang avhandling om dagane i Moskva og paa toget som berre forsvann (arg!) og no maa me gaa og moeta gruppa vaar, saa proever att seinare!
Hei og haa!

lørdag 9. mai 2009

Moskva!

Tiiidlig paaan (hehe) i dag, me var oppe halv 4 for aa komma oss tidsnok til Flesland og fly til Copenhagen. Der kunne me bivaane eldre fruer med rekesmoerbroed og kvitvin til frukost i sju-halv-aatte-tida! Haha! Danskane e kule! Videre fly til Moskva og pruting med taxisjaafoerar. Behagelig, men dyrt med taxi inn til sentrum. Etter x antal rundar rundt riktig kvartal, fleire stopp for aa spoerra etter vegen fann taxisjaafoeren endeleg hostelet. GPS??? Njet..

Veldig hyggelig betjening, fekk dobbeltrom i staden for dorm 1. natta fordi bestillingen vaar ikkje laag i systemet. Men maa sikkert byte rom to-tre gongar..=P No har me jogga i naeromraadet og i ein park opp til eit svaert teater og tilbake. Har funne naerbutikk, pizzahut og metroen og foele oss klar for videre opphald i byen. No skal me dusja og pena oss og ut og eta (forhaapentlegvis ikkje paa pizzahut=P)!

Hepp hepp!

onsdag 6. mai 2009

Siste kvelden på Voss

Då er siste kvelden med jentene mine på Voss historie! Litt vemodig må eg innrømma, men mest kos. Kaia og Charlotte diska opp med treretters i kjent stil på Øvsthus, mens Liv Kari, Kristin og eg var særs nøgde gjestar i like kjent stil. Grådig koseleg! Avslutta kvelden med tur over Storåsen; herleg! Eg må berre sei at de er nokon heilt strålandes flotte og kjekke jenter! Eg vert nesten sentimental att.. Eg kjem til å sakna deko alle saman! Men 3 mnd går vel fortare enn me anar, og plutseleg er me attende på Øvsthus. Tusen takk for ein super kveld! Og for gøye bøker! Spesielt "minneboka" set eg stor pris på. Den kjem til å bli ein venn på turen. Skal ta godt vare på ho og oppdatera jamnleg! No må eg pakka sekken! Me sjåast snart att! Klem M

tirsdag 5. mai 2009

Snart avreise!

Sånn! Eg har laga blogg! Planen e å skriva her innimellom slik at dei som vil kan følge turen vår.

Dersom alt går som me har tenkt (dvs at eg får plass i sekken til alt eg "treng", at Børt kjem seg heim frå jobb på torsdag og får summa seg til å pakka han og, og ikkje minst at passa våre, som har vore i Brüssel, dukkar opp i postkassen innen fredag) reise me før fuglane fis på lørdag. Flyet går til Moskva kor me skal vera i fire dagar. Så tek me toget gjennom dei russiske skogar (?) til Ulanbaataar i Mongolia. Der blir me to netter før toget går videre til Beijing. Etter to døgn der e planen å ikkje ha nokon plan. Detta blir bra!

Me tek forresten gjerne i mot tips om plassar å sjå og ting å gjere frå meir eller mindre erfarne globetrottarar!

Glede seg no!

M