fredag 26. juni 2009

14. juni: Xi'an, Chengdu, Tiger Leaping Gorge














































































(foelgande er klippa og limt fraa face=P)




Bildene er i fraa turen til Tiger Leaping Gorge. (Tigerspranggjelet)





Hei hopp!Her kjem eit lite livsteikn fraa oss. Daa me framleis er i Kina er bloggen utilgjengeleg, men om eit par veker skal den nok opp og gaa att! Kom til Tibet i dag. Me er ca 3700 moh og har slete litt med skallebank, men det gaar seg vel til etter kvart. Er i "hovudstaden" Lasa no, og skal vera her i morgon og besoeka eit kloster som er paa Unesco si verdsarvliste. Sidan skal me ut av byen og opp i hoegden (hoegaste punkt er nesten 5300 moh - hjeeelp!!) og spasera til Everest base camp, som heldigvis er litt laagare. Gledar meg stooort! Skal ta masse skrytebilde, hehe.

Dei siste dagane har me gaatt tur i fjellet, ein plass som heiter Tiger Leaping Gorge. Det ligg omtrent midt mellom Lijiang og Shangri-la. (Berre aa finna fram atlaset!) Det var heilt fantastisk. For nokre fjell og for ein natur! Overnatta paa eit gjestehus foerste dagen og der hadde me utsikt fraa terassen, restauranten, rommet og fraa do! Straalande!

Foer dette att var me i Xi'an og Chengdu. Her hadde me til dels late dagar. Men fekk med oss terrakotta-krigarane, tandemsykling paa bymuren og muslimske kvarter i Xi'an og panda-park, kloster og k-tv i Chengdu. (Sistnevnte plass inkluderte og to dagar med matforgiftning, men dei fortjener ikkje meir omtale..)

Paa veg til Tiger Leaping Gorge var me innom Lijiang, ein relativt liten by med ein utruleg sjarmerande gamleby (og paa Unesco si liste). Desverre hadde me berre ein veldig kort kveld her, saa me maa nok attende ved ein seinare anledning. Nokon som vil vera med? Denne turen vil og inkludera Beijing (som me heller ikkje vart "ferdig" med), Dali og mange andre plassar som me gjerne skulle vore (heile oest-Kina for eksempel) men som me ikkje har tid til aa besoeka.

Etter Tibet reiser me nok soerover mot Vietnam, Kambodsja og Laos. Det blir bra med litt strandliv!

Haapar de alle har de bra der de er og me det de driv med!

Stor klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar