mandag 13. juli 2009

Sapa

Litt stille paa bloggen i det siste. Me har vel hatt det kjekt daa;-) Her kjem veldig forsinka oppdatering fraa Vietnam.

Etter nokre dagar i hanoi tok me nattog og saa buss siste biten til Sapa. Den vesle byen ligg litt oppi hoegden og relativt naert Vietnams hoegaste fjell Fansipan. Ein koseleg by med mykje turisme, stort marked og mange jenter som sel armbaand og munnharper og anna: Siiiir, ladyyy! You buy from meeeeeee? + blafrande augnevipper paa repeat. Morsomt (og litt irriterande)! Me fekk legga fraa oss bagasje paa eit hotell, kor me og fekk frukost (framleis tidleg paa morgonen).

Saman med den morsomme og sjarmerande guiden vaar, Koh, (lokal jente fraa stamma black hmong som snakka svaert godt engelsk), eit par fraa Melbourne (branndame og -mann; Liz og Macca) og 4-5 lokale jenter og damer (med tradisjonell bekledning og kipe paa ryggen som romma vesker, sjal og lommeboeker som dei haapa aa faa seld etter aa ha fulgt oss ein heil dag..) starta me turen gjennom og ut av byen. Foerst nedover langs bilvegen. Her vaks det indigo (plante som dei brukar til aa farge kleda blaae og svarte) og hamp (eller marihuana om du vil) langs vegkanten. Etter litt tok me av og havna midt mellom rismarkene. Fantastisk natur og utsikt (sjoelv om den beroemte skodda aldri letta). Aat baer rett fraa buskene og fekk fersken og kjempesvaer agurk til pausemat.

Gjekk nedover dalen til me kom til ein liten landsby kor me aat lunsj. Fekk tradisjonell vietnamesisk mat som var veldig god. Dei som hadde fulgt etter oss proevde aa selga varene sine og me takka nei saa hoeflegt som me klarte. (Videre fekk me foelge av nye damer som budde i neste landsby..) Paa vegen traff me masse folk, baade lokale (pga at me soergeleg nok, for dei, gjekk gjennom tunet deira..) og andre turistar, vassboeflar, hundar type street mix, hoener og andre fjaerkre, og store gule sommarfuglar.





Etter lunsj byrja det aa regne og me var ganske blaute (baade av vatn og svette) daa me kom fram til der me skulle overnatte paa ettermiddagen. Dette var saakalla "home stay". Dvs at det budde ein vertsfamilie i eit relativt stort hus med masse overnattingsplassar. Det var for oevrig berre fruen og barna som budde her, daa mannen heldt seg i det andre huset deira ein annan stad i landsbyen. Liz og eg hjalp til med matlaging, mens karane drakk oel og spelte biljard (viktig aa halda seg til den lokale kulturen:-P). Alvorleg mykje og god mat: vaarrullar, woka kylling, groensaker og tofu. Nam nam! Og risvin. Ikkje saa nam.. Tok, ikkje heilt planlagt, ekstremt tidlig kveld (19:30) og vakna svaert utkvilte 11-12 timar seinare.

Dagen etter regna det framleis og stiane var blitt til saapeglatte gjoermerenner. Dette resulterte i ei svaert spanande og morsom to-timars ferd ned til bunnen av ein foss. Utruleg nok, og med god stoette av ei av dei lokale damene som fulgte oss (i gummistoevlar faktisk! for ein balanse), var det berre joggeskoa som var innsausa i raud gjoerme vel framme. Boert hadde seg nokken skliturar paa fleire meter rett ned, men klarte paa imponerande vis aa berre skitne til sko og nevar. I kulpen nederst i fossen fekk skoa seg ein god vask (andre dyppa heile seg..), eg fekk meg ei heimesydd lommebok og stoettedama fekk seg nokre dong. Resten av turen foregjekk med langt mindre dramatikk, litt sol, og litt meir regn, gjennom enda fleire risterassar og gardstun. Lunsj og farvel med Koh og firefighterane, som skulle ha ein dag til, foer me vart frakta opp att til Sapa i buss.

Paa hotellet fekk me oss ein etterlengta dusj foer me vandra litt i markedet. Middag paa hotellet foer det bar til togstasjonen og nattog til Hanoi att. Fine turen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar