tirsdag 5. mai 2009

Snart avreise!

Sånn! Eg har laga blogg! Planen e å skriva her innimellom slik at dei som vil kan følge turen vår.

Dersom alt går som me har tenkt (dvs at eg får plass i sekken til alt eg "treng", at Børt kjem seg heim frå jobb på torsdag og får summa seg til å pakka han og, og ikkje minst at passa våre, som har vore i Brüssel, dukkar opp i postkassen innen fredag) reise me før fuglane fis på lørdag. Flyet går til Moskva kor me skal vera i fire dagar. Så tek me toget gjennom dei russiske skogar (?) til Ulanbaataar i Mongolia. Der blir me to netter før toget går videre til Beijing. Etter to døgn der e planen å ikkje ha nokon plan. Detta blir bra!

Me tek forresten gjerne i mot tips om plassar å sjå og ting å gjere frå meir eller mindre erfarne globetrottarar!

Glede seg no!

M

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar