onsdag 6. mai 2009

Siste kvelden på Voss

Då er siste kvelden med jentene mine på Voss historie! Litt vemodig må eg innrømma, men mest kos. Kaia og Charlotte diska opp med treretters i kjent stil på Øvsthus, mens Liv Kari, Kristin og eg var særs nøgde gjestar i like kjent stil. Grådig koseleg! Avslutta kvelden med tur over Storåsen; herleg! Eg må berre sei at de er nokon heilt strålandes flotte og kjekke jenter! Eg vert nesten sentimental att.. Eg kjem til å sakna deko alle saman! Men 3 mnd går vel fortare enn me anar, og plutseleg er me attende på Øvsthus. Tusen takk for ein super kveld! Og for gøye bøker! Spesielt "minneboka" set eg stor pris på. Den kjem til å bli ein venn på turen. Skal ta godt vare på ho og oppdatera jamnleg! No må eg pakka sekken! Me sjåast snart att! Klem M

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar