torsdag 23. juli 2009

Siem Reap, Angkor Wat og Angkor Thom og omliggande stroek.

Noko motviljug, men aerleg som alltid maa artikkelforfattaren innroemme at hendingane i denne soga er noko gamle og at minnene er noko meir vage enn kva dei skulle vore. Grunnen er rett og slett at me har mykje moro og finne paa, samt at me er noko distree begge to.

Etter busstur fraa Pnohm Pehn til Siem Riep, der hoegdepunktet var synet av ein saakalla "steetmix" paa ein rasteplass, kom me til Siemreap i aattetida.

Nett vent litt, maa fortelje om streetmixen. Han var ganske liten og laag i kroppen som ein dachs, eller ovnsroeyr om du vil, og hovudet var noko stort og opproeyst paa ein maate. Naar bussen tuta og sa at pausen var ferdig snudde bikja seg i vaar retning og blottla shaeferhovudet sitt. Me brast, uavhengig av kvarandre, ut i latter, noko bikja syntes var noko interressant aa fylgje med paa, men som ho ikje skjoena sa mykje av. Siste emosjon gjorde at ho vart staaande aa sjaa dumt paa oss som lo oss fillette, noko som ikje betra vaar atferd nevneverdig. Etter aa ha konstantert at me ikje rak a fa tak i kamera, samt aa finne att bikkja, vart det avgjort at me maa attende om saa det berre er med dette eine maalet.

I alle fall tok me inn paa Babel Siem Reap Guesthouse. Dei hadde grillfest og "alle" yngste oss velkomne daa me traska gjennom festen paa den smale stien fram til resepsjonen. Bygget var fraa 2006 og skoa maatte staa att paa trappa. Noko som ogsaa var ein fin maate aa halde kontroll paa folk paa. Slippersane til Marit er i skostativet, ergo er Marit paa rommet. Me fek god innfoering i korleis ein kjem seg rundt i Angkorruinane og forskjellige ruter. Me bestemte oss for aa ta tredagarspass og aa koeyre tuktuk rundt paa omraadet. Tuktuksjaafoeren Kummig eller noko slikt (Kunming som den kinesiske byen var hugseord for navnet hans) tok paa seg oppdraget. Me synes litt synd paa han etter at han hadde henta oss paa bussen med skilt og greier uten at han fekk betaling. Det viste seg at Spring guesthouse i Pnohm Pehn ringte han i staden for aa ordna gratis henting fraa Babel. I tillegg velta tuktuken daa underteikna pakka sekken sin, samt seg sjoelv, oppi koeyretoeyet som stod halvvegs i groefta. Slikt skal ikkje vera mulig, men med tre slarkete faktorar maa det gaa galt.

Koummihg stilte i skjorte, med ny tuktuk som han hadde faatt laane hjaa ein fetter og for anledningen ein time foer tida. Han stakk hovudet inn og lot oss faa veta at han var der daa det var eit kvarter til me skulle moetast. Han var tydeleg usikker paa om han hadde faatt jobben, og etter prisen var avtalt og me var utanfor rekkevidde, trudde han, gav han i fraa seg eit gledeshyl medan han klaka i hop helane i eit kjempesprang.

Eg er litt i tvil kva og kor mykje eg skal skrive om Angkorruinane. Det kan hende at ein heller kan finne ut om dei sjoelv i staden for at eg skriv ei avhendling. Generelt bestaar omraadet av eit uttal ruinar av gamle tempel som vart bygd til gudane for 4-5-6-7 hundre aar sidan. Angkor var daa sentrum for all Khmeraktivitet i landet. Angkor Wat er det best bevarte og det mest mektge. Angkor Thom er det stoerste enkeltkomplekset, men bestaar i grunnen av mange, veldig mange, tempel. I tillegg er det tempel og utgravingar utanfor dese to mest kjente kompleksa. Etter 1500-talet har templa staatt til forfall, og Pol Pot gjennomfoerte for sikkerhets skuld ein kulturrevulusjon fraa 1975-79 der maalet var aa faa landet tilbake til aar 0. Ruinane er i skroepeleg forfatning mange stader og det har rasa mykje stein i alle retningar. Trea som har slaatt seg til ro paa, mellom, inni og i grunnen alle tenkelege preposisjonar i hoeve ruinane har ruke aa bli mange hundre ar gamle og gaar mange stader ruinane ein hoeg gang i aa vera grasioese og spektakulaere. Siem Reap som er byen ved ruinane ligg 6km rett soer.
Dag 1 vart me koeyrt inn soerporten og oppdaga apekattar paa venstre flanke. Sjaafoeren fekk beskjed om aa stoppe og det vart kjoept noko noetteliknande frukt, samt bananer. Femten minuttar, femten bananer, 50 noetter og eitt uttal nystarta, men no brutte relasjonar mellom skapningar som ein gomg i tida var rett saa like, samt 50 bilete seinare drog me vidare. Eg var mest glad i den mellomstore ho-apen som fek noetter hjaa meg og gloeymte aa sleppe handa mi medan ho aat. Foerkjusat der gitt... Me tok me den vesle runden denne og avslutta med Angkor Wat. Troette og fulle av intryk sa me neitakk til aa sjaa solnedgangen paa kvelden.

Dag to var Marit ikkje i straak og eg var paa koeyretur aleine i tuktuken. Hadde kommentert for Marit kor ubeskriveleg teit det saag ut naar folk var aleine i ein tuktuk, og der sat eg. Medan eg vart kjoert fraa ruin til ruin fann eg meir og meir roen paa ruinane. Fotografiapparatet fekk kvile seg, labyrintar vart utforska og enkelte pausar kunne vare i 20 minutt utan at eg tenkte ein einaste tanke. Ruinane var rett og slett nok aa fordoeye om eg ikje skulle blande inn mine vanlege tankar om laust og fast. Mest laust naar eg tenker meg om.

Denne dagen sa me ja til aa sjaa solnedgangen. Marit var betre og eg hadde selskap i tuktuken. Tok meg tid til aa le litt av dei som koeyrde aleine. Det ser saa... ja, det har eg viss sagt allerede. Tempelet paa fjellet var fullt i folk som var ute i samme aerend. Det var ikkje mykje blaa himmel, naar me saag grundig etter fann me ut at det ikje var blaa himmel i det heile og at moerke skyer naerma seg i fraa tre kantar. Braatt byrja det aa lyne og tordne paa tre kantar samstundes, og med dette kom det striregn. Som den hoegaste paa det hoegaste punktet i omraadet fann eg ut at no var det paa tide aa tusle seg ned igjen. Som kamerabaerar fekk eg regntrekket. Marit hadde vel takka nei til aa ha det daa ho insisterte paa aa bli dei siste 20 minuttane foer det byrja aa hoelje ned. Kven hadde trudd at dei svarte skyene skulle oppfoere seg paa den maaten.

Tredje dagen var me innom eit tempel bygd av damer, kan skjoenne at det var detaljar i hopetal. Etterpaa reiste me til eit elvestryk det elvebreidenne var fulle i detaljar og uthogde bilete. Ein stad var det laga seg ei naturleg bru. Elva hadde laga ein tunnell under eit berg. Me vart litt skuffa da me kom til fossen. Me trudde me skulle miste pusten av fossefallet som skulle vera saa fantastisk, men den gang ei. Daa me byrja aa sjaa detaljane rundt elva og det siste frittfallet var me solgt likevel. Dette var fint.

Paa veg til tredje stopp hadde me oss ein ekstra stopp paa landminemuseet. Fy USA, Fy Russland. Fy alle som lagar og bruker landminer. Etter dette byrja det aa regne. Himmelen sine sluser opna seg.

Regnet varte i ei veke (og sikkert lenger). Paa den stunda rakk me aa forlate Siem Reap, vera fire dagar i Sihanoukville som er ein strandby, samt aa reise til Bankok. Neste brev byrjar der.

1 kommentar:

  1. Det er godt å ha mål i livet sjølv om målet berre er ein hund. Kos dekå vidare.

    SvarSlett