torsdag 16. juli 2009

Hoi An og reisa til Siem Reap

(Tenkte at det aa la Boertn skriva blogg var ein kjempeide, saann at eg fekk litt fri, men no angrar eg litt, for han er noegd med eit innlegg, og eg maa hoppa etter Wirkola.. Jaja, de har ikkje noko anna val enn aa noeya deko med meg!)

Regnet i Halong Bay vart med oss attende til Hanoi, og etter ein dag paa cafe med mykje kaffi og kortskriving bestemte me oss raskt for aa roemma til kysten for litt sol og strandliv. Hoi An vart destinasjonen etter mange anbefalingar og me hoppa paa toget. Vel framme vart me litt skuffa daa det var ganske overskya. Men me skulle paa stranda, sjoelv om det i tillegg var godt ut paa ettermiddagen. Dei ca 3 km fraa byen til stranda vart tilbakelagt paa syklar som me laante gratis fraa hotellet. Vegen var heldigvis flat, for utan gir gjekk det ikkje i ekspressfart, og me saag nok ganske latterlege ut: Boert hadde aldri stoerre enn 90 graders vinkel i kneleddet og eg hadde damesykkel med korg og meget hoegt styre. Anyway, paa trass av skyene (og kanskje paa grunn av litt slumsete innsmoering av solkrem, som i tillegg vart skylt vekk av svetten som rann i strie straumar) klarte me no aa bli litt solbrente (i lite flatterande moenster..).

Om kvelden aat me middag i friluft paa lokal plass i gamlebyen med lave plaststolar og sultne rotter rundt beina. Litt sjarmerande og litt ekkelt. :-P Traska litt rundt og oppdaga raskt at annakvar butikk husa sydamer som meir enn gjerne ville laga heile garderobar til oss. Morgonen etter bar det dermed attende til den sydama me likte best. Bestillinga var sikkert i det laagare skiktet i hoeve til det som er vanleg, men me lurte likevel paa korleis me skulle faa plass til 4 shortsar, 3 kjolar, 2 skjoert, 2 jakkar, 1 trenchcoart og 1 vinterkaape i allerede fullstappa sekkar..
Resten av dagen vart tilbrakt paa stranda, no i steikande sol: Herleg! Gjekk tur i strandkanten daa det byrja aa moerkne og fekk sjaa himmelen i alle nyansar fraa lys blaa, via rosa og raud til moerk lilla. Dei faa skyene som var laga vakre moenster. Solnedgangen var spektakulaer og maanen som stod opp var enorm og moerkeraud. Fine dagen og kvelden!

Dagen etter sola me oss litt i hotellhagen foer me dusja og reiste til sydama for aa proeva kle. Etter aa ha avtala endringar og justeringar sykla me til stranda. Straalande sol, varm sjoe, brennande sand, solkrem faktor 30, solseng, sitronjuice og bok. Need I say more?

Klea vart henta paa kvelden. Me pakka etter beste evne, og slapp utruleg nok aa kjoepa ekstra koffert!

Tidleg neste morgon bar det videre til Saigon med fly, etterfulgt av ein stressande taxitur til det me trudde skulle vera ein busstasjon. Hotellet i Hoi An hadde bestilt baade fly og buss og fortalte at me trong 20 min fraa flyplassen. Flyet landa litt foer 10 og bussen til Phnom Pehn skulle gaa 11, saa inkludert aa venta paa bagasje og i dokoe, skulle det gaa akkurat, ikkje noko problem, sa dei. Litt travelt tenkte me, men greit, dei veit vel kva dei snakkar om. Me var uansett ikkje motivert for at minibanken paa flyplassen skulle konka ut daa eg skulle ta ut peng for aa veksla til dollar (must have for aa faa visum til Kambodsja) og verken gav meg pengar eller kort attende. Straalande! Den andre minibanken ga pengar til Boert heldigvis, og vekslinga gjekk glatt. Litt forsinka heiv me oss i ein taxi 10:30, framleis med ok margin trudde me. Men me jubla ikkje akkurat av glede over trafikkorken som moette oss straks me kom gjennom bommen fra flyplassomraadet. Trafikken var sikkert ikkje verre enn elles, og sjoelv om taxisjaafoeren braut alle trafikkreglar, kom me ikkje fram til riktig adresse foer kvart over 11. Dette var dessutan ikkje ein busstasjon, men eit slags reisebyraa viste det seg. Eg forbanna resepsjonistane paa hotellet. (Eg maa faa legga til at Boertn, i kjent stil, var irriterande roleg heile seansen. Saann viss nokon, mot formodning, skulle tru noko anna.)

MEN paa reisebyraaet (som i grunnen berre var ein disk paa eit gatehjoerne, uten veggar) kunne dei fortelja oss at, neida, ingen grunn til panikk, bussen gaar kl. 13 og de vert henta her kl. 12. Puh! (Men snakk om daarleg informasjon! Hotellet har faatt ein smaasur e-post..) Fekk tid aa eta og til aa bruka opp siste rest av lokal valuta paa proviant. Kl 12.30 (me har no laert at alle tidspunkt har slingringsmonn paa mellom 15 og 30 minutt for seint) vart me henta med taxi og kjoert til bussen. Lattermilde kunne me konstatera at turen var 50 m (!) lang og at me like gjerne kunne spasert.

Kom fram til Phnom Pehn paa kvelden. Spaserte litt i byen og opp til ein innsjoe. Der var det tett mellom hostel og restaurantar og vestlege. Aat middag her (maten var i det minste lokal).

Dagen etter blei me henta paa gjestehuset kl. 13. Me fekk tid til aa gaa til elvebredden og eta frukost (pho), og sjaa oss litt rundt om. Men ikkje tid til noko museeum eller lignande. Me kom fram til Siem Reap i kveldinga. Opphaldet her vert naerare omtala seinare!

1 kommentar:

  1. Det er godt at sola skin på dekå innimellom stress opplevingane deka mellom ymse framkomstmiddel.Gle dekå, siste stopp vert i "Smilets land". Eg arb for tida med ei frå Thailand. Ho seier deira første vilsregel er: "Ver vennlege mot ALLE " Gog fornøyelse!

    SvarSlett