mandag 13. juli 2009

Halong Bay

Daa har eg, Boert, som det heiter naar ein ikkje har AE, OE og AA, fatt meg eige passord paa bloggen.

Oppdraget er aa dekke turen til Halong Bay. Me visste lang tid i forvegen at me skulle nettopp hit viss me var innom Vietnam. Omraadet bestaar av ca 3000 oeyer og holmar i varierande stoerrelse. Me booka turen hjaa Kangoroo Cafe den dagen me kom til Hanoi, og maatte vente nesten ei veke paa ledige plassar. For aa korte ventetida skvisa me inn Sapa tur. Dermed kom me fraa Sapa til Hanoi kl 05.00 og reiste vidare til Halong Bay kl 08.00.

Me hadde faatt vite at maks antal folk pr tur var 14 personar, og var budd paa aa reise med 12 andre. Fasiten viste at me fekk selskap med 4 andre. Anna og Bridge(t) fraa Melbourne og Cat (erine) og Rory fraa Irland. Ho var i grunnen fransk, men budde i Irland med Rory. Me kom fort i prat med dei hine og stemningen paa bussen vart fin og avslappa. 2+1 seter med ekstra klappsete vart deilige 4 setarar der ein kunne strekke godt ut etter ei natt paa vietnamesisk nattog. Med stor buss og lite folk var det berre Rory med den vonde ryggen sin som ikkje nytta seg av denne muligheten.

Moetet med sjoelve Halong Bay var fantastisk. Etter daarleg ver med mykje nedboer og ruskever hadde det klarna opp og himmelen var knallblaa. Lunchen vart fortaert paa ein fin restaurant i sjoekanten der dei store opne glasdoerene i enden av kvart bord leda rett i sjoen.














Etter lunch vart me henta av lettbaaten og frakta over i Tu Long Bay Junk. Fekk ikkje noko god forklaring paa byrjinga av navnet, men ein Junk er altsaa ein baat med to kamskjelforma segl. Romma var overraskande store og fine med baade dusj og vannklosett. No er eg vossing og har lite peiling paa kva ei bysse, ein pentrey og ein kahytt er for noko, so eg faar bruka ord som eg beherskar. Baren og spisesalen var relativt store og trivelege med mykje treverk. I enden av dette rommet i 2. hoegda paa baaten hang det ein 42' (minst) med tilhoeyrande DVD og karaoke. Dette vart ikkje nytta av oss gjestene, men mannskapet saag filmar paa kvelden. Berre forstyrra av oss som gjekk i baren og henta oel og sette strek bak navnet vaart for kvar oel. Antalet strek vart ikkje saa veldig hoegt, men mykje sol, mykje inntrykk og klam luft sendte oss ganske tidleg troette og fornoygde i seng.

Med ein flygande start har eg foregripe begivenhetane litt, og fortset paa byrjinga av turen. Vel ombord paa skuta les; junken, slengde me fraa oss bagasjen paa lugaren og kleda paa dekk. Med unntak av ein halvtime etter Kjeringi-open i april, var dette fyrste gongen at eg slengde av meg t-skjorta sidan, anslagsvis, september i det herrens aar 2008. Marit slengde paa seg solbriller i det ekstra sterke lyset og smurde den bleike ryggen min. Sittande paa dekk i utruleg fine omgjevnader og i straalande sol sat eg att med berre ei bekymring: Kun 148 bileter att paa minnekortet i kameraet. Med knallhard justis og noeysomhet kom eg i land att med to bileter att aa gaa paa.
Baaten koeyrde oss til ei oey der me klatra trapper 30-40 hoegdemeter opp til ei gigantisk grotte. I skrivande stund hugsar eg ikkje tal og navn, men anslagsvis 10.000m2 og plass til 3000 folk. Gigantiske dimensjonar og flotte detaljar i steinane i tak og veggar forma av sterk varme, stort press, sjoe, tidens tann og ulike bergartar.
Neste aktivitet var kayakpadling. To i kvar kayak, og eg fekk sjoelvsagt med meg Maritdamo som klaga paa at eg padla skeivt. Med eit tau hengande i bauen og ein sprukken kayak uten ror hadde eg i grunnen vorte meir overraska viss det til ei kvar tid hadde gaatt snorrett. Guiden Thui, uttales som naar ein spyttar "tvi". Ein roleg uttale som i "Tui" vart ikkje godtatt, her var det berre aa fylle lungene og lage "spyttelyd". Liten digresjon der. Guiden Thui, som eg byrja aa sei, peika at me skulle padle saa i lende og inn i tunnellen. Litt noelande la me i veg, runda to nes, og fann tunnellen som leda inn i ei vik som berre var tilgjengeleg fraa lufta eller gjennom denne naturlege tunnellen som var 40 meter lang, 15 meter brei og 2-3 meter hoeg. Eg hadde med meg hjelm-kameraet mitt som toler vatn og bytte paa aa ta bilder og filme. Daa Rory spurde om han skulle ta eit bilete av oss svara eg straks ja og hivde kameraet i deira retning. Eg traff ikkje heilt med kastet og dei styra litt med aa faa tak i kameraet som no var halvannan til to meter fraa deira kayak, og til min store overraskelse og til dels fortvilelse ein liten halvmeter, og stadig synkande, under havflata. Eg har levd i halvtanna aar i den tru at kameraet flaut. Resolutt roeyste eg meg i tandemkayaken og hoppa ut av den utan aa ta med meg Marit. Aa faa tak i kameraet, samt aa sjaa det, var ikkje noko problem, men med den stoerste redningsvesten dei hadde,,(dubbel innskutt bisetning) hoeg mann betyr visst det samme som tung mann her nede, og solbriller paa veg ned i djupet, vart det ikkje saa grasioest og James Bond aktig som eg hadde tenkt meg. Trur det saag litt meir ut som ei beitande and som flyt med hovudet ned, og stuss og bein i vaeret. Manoeveren der eg kom meg oppatt i kayakken var heller ikkje noko aa skrive heim om, som om det ikkje er nettopp det eg sit og gjer, men takka vera at eg har kayakk heime og brukte tre dagar i Amlabukta paa aa entre kayaken fraa sjoen sist sommar, gjekk dette bra med Marit sittande trygt oppi han. Tilbake paa skuta vart det bading med hopping fraa skutetaket og mykje skraal.

Dag to var litt overskya og graa, men hadde mange og nokre lengre periodar med straalande sol. Program for dagen var nok ei hole og besoek paa Monkey Island. Det krevde baade buss og elvebaat for aa komme til denne hola og den var langt i fraa saa besoekt som den fyrste grotta me besoekte dagen i forvegen. Etter aa ha gaatt inn i hola i full hoegde vart det noko trongare


etterkvart som ein kan sjaa fraa biletet. Holemannen, som den vesle atletiske guiden heitte (Ikkje Thui som ein ser paa biletet), kom seg gjennom denne opningen utan aa vera nedi det skitne golvet i hola med anna enn hendene og foetene. For oss doedelige betydde det av med t-skjorte viss ein ikkje ville skitne den, og aking paa magen innover. Innover i grotta openbarra det seg fantastiske formasjonar og store rom. Me maatte gjennom en ny opning paa veg innover som krevde aaling paa magen, men den var mykje lettare aa komma gjennom enn den paa biletet. Me vart litt betenkte paa aa vimse og krype rundt i grotta daa me fekk auge paa ein edderkopp paa stoerrelse med eit tefat (nesten) som sat paa berget, men "holemannen" betrygga oss med aa prove aa fange edderkoppen som i siste liten klarde aa smette ut mellom fingrane hans. Etter aa ha komme ut att vart det kattevask i elva og resten av dagen i skjeten shorts.

Paa Monkey Island saag me ingen apar i byrjinga. Me delte oss og medan nokon gjekk paa ein topp slappa andre av paa stranda. Eg og Marit valgte sjoelvsat aa sikte oss inn paa den hoegaste toppen for aa speide etter apekattar. Bergarten var ulik alt anna eg har sett tidlegare og likna mest paa blada paa treet Apenes Skrekk viss vaare lesarar er kjent med det. Klatringa vart noelande og stakkatto og det var ildt baade gjennom skosolane og aa halde seg fast i steinane. Me naadde toppen, fotograferte oss sjoelve, vart fotografert av Rory, gjekk nedatt, bada og budde oss paa aa forlate oeya utan aa ha sett apekattar. Daa vart det eit voldsomt staahei ved ein bygning paa stranda. Ein liten apefamilie var paa vandring over ei staahytte og opp paa den nevnte bygningen for saa aa slaa seg til ro paa baksida av denne.

Det var noko moerkt og uoversiktleg paa baksida, men paa biletet kan ein sjaa Marit og ein av dei store apekattane i familien paa veg over taket. Apekattane var noko sky og ikkje saa sosiale av seg, men fekk noko mat fraa dei som jobba paa oeya. Me forlot oeya og drog attende til baaten.

Paa ettermiddagen kom det noko regn. Det graa veret varte heile kvelden og neste morgon. Me to toeffe nordmenn tok oss eit bad etter frokost paa dag tre sjoelv om me vart vaate av regnet..... Etter dette toeffa me tilbake gjennom holmar og sund.

Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

2 kommentarer:

  1. Hei.Høyrest ut som de har da heilt nydle.nestn litt misunnli:)Gler meg til forsetjelsen:)

    SvarSlett
  2. Eg ler meg i hjel! Herleg lesing Børt! Likte spesielt kajakkdelen, meir spesifikt and-metaforen! :D Lo lenge og godt, skulle gjerne ha sett det "live"! I dag reiser eg forresten til Nøtterøy, e klar for Slottsfjell, synd de ikkje skal vera med...

    Snakkast om 1 månads tid! Klem =)

    SvarSlett