fredag 26. juni 2009

23. juni: Tibet!

(ogsaa klipp og lim fraa face)

Kom til Chengdu i dag med tog. Sit paa nett og proever aa finna flybillettar til Kunming paa kinesisk. Spoers om reisebyraa er tingen?? Tenke aa gjera oss ferdig med Kina for no og stikka til Vietnam. (Viss me faar visum, vel og merke, hehe..)

Her kjem referat fraa Tibet:I Lhasa besoekte me Potala Palace (paa Unesco si verdsarvliste) og Jokhang Temple.

Om kvelden saag me Tibetansk opera paa ein restaureant. Det er ganske langt fraa det me tenker er opera: Det var ein lav scene der folk song og dansa, tilsynelatande utan samanheng, og publikum gjekk opp paa scena og gav artistane kvite sjal og oenska "dashi dele" samtidig som dei blei tatt bilde av av trufaste medsamansvorne. Redde for aa ikkje passa inn gjorde sjoelvsag me og dette.














Saa reiste me til Shigatse. Paa vegen passerte me eit hoegt fjell (over 5000 moh) der me saag ned paa ein fin innsjoe, Yamdrok-tso. Stoppa i Gyantse kor me besoekte det som i foelge itinirary'en skulle vera Pelkor Chode Monastery, men som i foelge billetten heiter enter Baiju Temple eller Pachu Monastery (evt. begge delar, who knows).

Overnatta i Shigatse (her vart Marit sjuk, IGJEN! arg! Turen til Rhongpu og base camp vart dermed utsett ein dag. Boert var ute og spaserte litt i byen med guiden, besoekte teppefabrikk og leika med lokale skuleungar, mens Marit laag paa hotellrommet, slurpa kinesisk urtemedisin (funka ikkje OG smakte drit), togg diaretablettar i lag med kokt varmt vatn ("cold water no good for your stomack"), og syntes synd paa seg sjoel.. Men satte i det minste pris paa reglane om at ikkje-kinesiske turistar berre faar bu paa fine hotell i Tibet. Hadde vore verre paa ein dorm med felles do i gangen...)

Anyway: Neste dag bar det avgarde. Stoppa og tok bilete av Himalaya og Mt. Everest og andre hoege fjell paa vegen. Vel framme i teltleiren i Rhongpu hoppa me rett paa buss til base camp. I god tru starta me o store fotosession, men saa kom guiden og sa det var noko gale med innreisetillatelsen (mangla eit stempel, den hadde mange stempel..) Krangla lenge og vel, til ingen nytte. Det endte opp med at Boert hoppa paa vannmelonen me hadde med til soldatane (so much for smisking...) og me maatte sletta bildene me hadde tatt. Vannmelon-historien blei for oevrig fort kjent i heile teltleiren og Boert fekk litt legende-status, hehe..Vaar herlige guide, som var minst like sint som oss, tok ca ein million telefonar og fekk ordna permit'en neste dag. Sov i teltleiren og reiste til basecamp om morgonen. Tok masse skrytebilde. Resten av dagen gjekk med til biltur til Shigatse.








































Besoekte Tashi Lhunpo Monastery (kjolen til Marit var forresten for kort saa ho fekk laana seg ein sarong i lekkert tigermoenster) i Shigatse dagen etter foer me reiste tilbake til Lhasa. Resten av dagen/kvelden gjekk med til vestlig lunsj (etterlengta!), styr med togbillettar (fekk til slutt paa togstasjonen, sjoel om billettkontoret i byen sa toget var fullt...), spasering i markedsgata Barkhore, og storhandling paa supermarked (2 doegn paa tog i vente).

Togturen gjekk som vanleg i: kortspel, fem paa rad, lesing (for dei som ikkje las ut boka daa dei var sjuke..hrmf), sudoku, hoeyra paa musikk/kinesisk radio, eta, sjaa ut glaset. E visst mykje kjekkare aa skriva enn aa bestilla flybillettar, men faar proeva til.. Skriv meir naar det er meir aa skriva om!

So long!

2 kommentarer:

  1. ååå:)ser ut til og høyrest ut som det har da supert!!fine bilder og bra blogging:)asle og Kristian helsar.her er alt som før:)

    SvarSlett
  2. Kjekt å lesa korleis de har da, og fine bilete!!! Eg har så vidt kome meg etter ei fantastisk ekstremsportveka =) I går hadde me siste kveld på Øvsthus - middag med Kaia og Charlotte, eg og Eirik var på besøk. Koseleg, men trist og vemodig at dei ikkje skal bu der lenger... :( I dag går søknadsfristen på jobben i Eidfjord ut, så no ventar eg spent på tlf angåande intervju. Kryssar fingrane for meg! Ellers har eg ikkje fått nokon andre positive svar angåande jobb, så eg leve fortsatt i spenning... :S Håpar de har da lika strålande som da ser ut! (Men den magen din må du få skikk på, Marit!) Hels Børt! Gler meg t å sjå deko igjen =)

    SvarSlett